Semesters

DRUSK905 Fordjuping i kvalitative metodar

Course code: 
DRUSK905
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
5
Level of study: 
PhD
Teaching semester: 
2026 Autumn
Assessment semester: 
2026 Autumn
Required prerequisite courses
DRUSK903 Research methods
Course content

Emnet, som byggjer på DRUSK903 Forskingsmetodar, har som mål fordjuping i kvalitative metodar sine analysestrategiar og forskingstradisjonar. Ut frå ulike tradisjonar som den fenomenologiske, den narrative – og den etnografiske tradisjonen, går emnet djupare inn i analysearbeidet. Ein vil ha fokus på korleis kunnskapsteori og metodologiske føresetnader i dei ulike tradisjonane får konsekvensar for analysearbeidet. Det vert lagt vekt på ulike former for datamateriale samla gjennom ulike typar observasjon, kvalitative samtalar og intervju. I tillegg tek emnet føre seg val av analysestrategi og teoriutvikling på grunnlag av empiri.

Det er eit mål å utvikle deltakarane sine individuelle forskingsferdigheiter på avansert nivå. Emnet vil ha særleg fokus på korleis kandidatane vel ut og bruker kvalitative metodar i møte med eige forskingsmateriale. I tillegg vil ein arbeide med skriftleg framstilling av analyse og kvalitative forskingsresultat.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten

  • meistrar bruksområda for kvalitative metodar
  • kan vurdere ulike framgangsmåtar for analyse av kvalitativt forskingsmateriale med forankring i ulike teoretiske perspektiv og tradisjonar
  • har omfattande kunnskap om, og innsikt i, metodiske tilnærmingar og kan relatere dei til eige forskingsfelt
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan planlegge, utføre og evaluere kvalitativ forsking på høgt internasjonalt nivå
  • kan identifisere og utforme forskingstema for detaljert utforsking av eit fenomen
  • kan utvikle metodar til eige ph.d.-prosjekt
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • kan utvikle god forståing for sentrale omgrep og aktuelle problem i kvalitativ forsking på eige fagområde
  • kan tileigne seg innsikt i komplekse utfordringar innafor kvalitativ forsking
  • kan delta i debattar på fagområdet gjennom anerkjente nasjonale og internasjonale kanalar
Working and learning activities

Emnet har samlingsbasert undervisning med førelesingar, diskusjonar og seminar der kandidatane presenterer og vurderer eigne metodeval i samråd med faglærar og medkandidatar.
 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 80 % deltaking i undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6

Arbeidskrav:

Utkast til fagessay (ein individuell, vitskapleg tekst) om ei avgrensa kvalitativ metodisk problemstilling med relevans for eige ph.d.-prosjekt. Teksten skal beskrive og diskutere kvalitativ metodisk framgangsmåte og argumentere for val ut frå pensumlitteraturen. Teksten skal ha eit omfang på 2000 – 2500 ord. Litteraturliste kjem i tillegg.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Hildegunn Valen Kleive
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Assignment
Individual
1 Semester
Pass / fail
100 %
Endeleg versjon av teksten som er omtala under arbeidskrav ovanfor.
3000 ord (+/- 10%). Litteraturliste kjem i tillegg.