Semesters

MGL5-10KR1 Kroppsøving 1

Course code: 
MGL5-10KR1
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2027 Spring
Assessment semester: 
2027 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Faget kroppsøving for grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving frå 5. trinn og ut grunnskulen.

Undervisninga i faget skal vere integrert, forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Faget skal gi studenten fagleg, pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, utvikle faget i framtida og ivareta dei kroppslege dimensjonane hjå mennesket.

Studenten skal tileigne seg kunnskap om og erfaring med undervisning i ulike rørslemiljø som er relevant for trinn 5-10. Kunnskap om kva som fremjar kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede er sentralt. Faget skal styrke profesjonsidentitet og studenten sitt arbeid med mangfald og ulikskap i skulen. Undervisninga skal utvikle studenten si lærarkompetanse, individuelt og i samarbeid med andre.

Det vert lagt vekt på undervisningskompetanse i kroppsøvingsaktivitetar, og at faget har eit særleg ansvar for allsidig kroppsleg læring og oppleving. Tilrettelegging for bevegelse og kroppsleg læring, deltaking og samspel og bevegelsesaktivitetar, uteaktivitet og naturferdsel står sentralt.  

Emnet bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studenten får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning i kroppsøving, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing, helse og bevegelsesglede for alle elevar. Samarbeid med praksisskule er av vesentleg betyding for å nå målsetingane i emnet. Den fagspesifikke kompetanse vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten har kunnskap

  • om kroppsøvingsfaget sin eigenart, mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir deg som kroppsøvingslærar

  • om læringsstrategiar, arbeidsmetodar, vurderingsformer og tilpassa opplæring i faget

  • og erfaring med å planlegge, grunngi, legge til rette for, tilpasse, gjennomføre og evaluere undervising i faget

  • om ulike teoriar og perspektiv knytt til motorisk utvikling hos barn og unge 

  • om omgjevnadane si betydning for læring av bevegelsar  

  • om symjeopplæring, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn  

  • om reglar og prinsipp i utvalde aktivitetar  

 

Learning outcome skills

Kandidaten kan

  • planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i kroppsøvingsfaget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov 

  • bruke varierte metodar i undervisninga, differensiere og tilpasse undervisninga slik at den tek omsyn til mangfald i elevgruppa og elevanes evne til kritisk tenking

  • leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar gjennom varierte aktivitetar 

  • gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar  

  • anvende utvalde observasjonsmetodar i kartlegging av barn og unges motorikk   

  • utvikle og utforske eigne ferdigheiter og kunnskapar i varierte bevegelsesaktivitetar med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon   

  • utføre og gi opplæring i symjing, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn  

  • vurdere risiko og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø  

Learning outcome qualification

Kandidaten

  • kan formidle fagdidaktiske problemstillingar og kritisk reflektere over profesjonsetiske spørsmål 

  • kan vurdere ulike bevegelsesaktivitetar og miljø    

  • kan bruke digitale verktøy som motivasjon for læring  

Working and learning activities

Emnet kombinerer praktisk aktivitet og teoriundervisnig.  

Det vert brukt varierte læringsformer som praktisk undervisning, studentaktiv læring, forelesningar og digitale læringsressurser. 

Emnet vil bestå av fleire delkurs.  

Det er krav om aktiv deltaking i alle læringsaktivitetar.  

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kvart delkurs.  Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6

Obligatorisk undervisning kjem fram av kursplanane. 

Arbeidskrav:

Godkjent(e) PMO oppgåve(r) + 7 arbeidskrav i utvalde kurs. Les meir om arbeidskrav i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.

Evaluation system
Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Eli-Karin Sjåstad Åsebø
Expenses

400kr som skal dekkje bruk av utstyr og materiell.

Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Fagdidaktikk
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Motorisk læring og bevegelse
Approval signature: 
Unni Hagen