Semesters
NO206 Litteratur og teknologi
30 studiepoeng frå to grunnemne i norsk (nordisk), NO113S/NO103N og NO114S/NO104N, eller tilsvarande etter søknad.
I fordjupingsemnet Litteratur og teknologi ser vi nærare på korleis den teknologiske utviklinga i nyare tid blir behandla i eit utval skjønnlitteratur og sakprosa frå 1900 til i dag. Sentralt i dette emnet står relasjonane mellom menneske, teknologi og samfunn i ulike konstellasjonar. Pensum er sett saman av eit utval skjønnlitteratur og sakprosa der dette kjem til uttrykk på ulike måtar både i motiv, tema og form. I tillegg kjem eit utval relevant teori. Emnet kan takast som del av bachelorgraden i språk og litteratur. Emnet kan også takast som ein del av fordjupingsstudiet i norsk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskapar om:
- Korleis relasjonen mellom menneske, teknologi og samfunn blir behandla i eit utval skjønnlitteratur og sakprosa på 1900-talet og 2000-talet
- Relevant teori om litteratur og teknologi
Studenten skal:
- bruke desse kunnskapane i praktisk tekstanalyse
- utforme analysar i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvsing i vitskapleg framstilling
Studenten kan:
- bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar, individuell rettleiing og ei samling ved Høgskulen i Volda. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskrivinga
Frammøtekrav:
Deltaking på samlinga er obligatorisk. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei oppgåve om eitt av pensumverka på om lag 2000 ord (5 sider).
Arbeidskrav:
- I starten av semesteret skal studenten sjølv velje emne (sjå pensumlista for informasjon om kva verk ein kan velje mellom) og formulere eit forslag til problemstilling, aktuell teori og sekundærlitteratur og gjerne ein grov disposisjon. Dette skal godkjennast av rettleiar.
- Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva. Det er høve til å levere eit siste utkast for rettleiing innan ein fastsett frist. Denne innleveringa er frivillig.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Language and Literature - bachelor
- Norwegian - Specialization
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Assignment | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten vel fritt målform på oppgåva. | 6000 ord | ||
Adjusting oral examination | Individual | 45 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Oppgåva må vere greidd for å gå opp til munnleg justering av karakteren på oppgåva. |