Disputas: Reidar Haug
Fredag 6. mars 2026 skal Reidar Haug forsvare doktorgradsavhandlinga «Den svarte boksen» – ein kvalitativ studie av praksis i behandlingsinstitusjonar i barnevernet ved Høgskulen i Volda.
Reidar Haug. Foto: Jacob Stærk. Brukt med løyve.
Reidar Haug (49) frå Ørsta jobbar no som seniorrådgivar i Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Han byrjar i ny stilling som høgskulelektor ved Institutt for sosialfag på Høgskulen i Volda 1. april. Haug har erfaring frå forskjellige roller i barnevern og institusjonsdrift dei siste tjue åra, i hovudsak arbeid med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Dei siste sju åra har Haug jobba i Nasjonalt spisskompetansemiljø innan behandling for ungdom.
Han har bachelorgrad i barnevern frå Høgskulen i Volda (2008), har mastergrad i psykososialt arbeid – sjølvmord, rus, vald og traume frå Universitetet i Oslo (2016) og er klinisk barnevernspedagog (2020).
Fredag 6. mars held han prøveforelesing og forsvarer avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling. Ph.d.-studiet blir gitt av Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde i fellesskap. Disputasen er avsluttande del av doktorgradsstudiet.
Avhandlinga har tittelen «Den svarte boksen» – ein kvalitativ studie av praksis i behandlingsinstitusjonar i barnevernet. Disputasen blir halden på norsk.
Om avhandlinga
Avhandlinga undersøkjer korleis tilsette ved norske behandlingsinstitusjonar i barnevernet arbeider med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar, og korleis styring, faglege føringar, organisering og juridiske rammer påverkar dette arbeidet.
Studien viser store variasjonar i korleis miljøterapi, omsorg, behandling, kontroll og medverknad vert forstått og praktisert. Avhandlinga viser at institusjonane manglar ei felles fagleg retning og plattform, og at statlege krav gir sterke og til dels motstridande føringar utan å gi ei metodisk retning. Dette bidreg til ulike lokale praksisar for omsorg, beskyttelse og behandling.
Studien synleggjer spenningar mellom rettar og medverknad på den eine sida og kontroll og risikohandtering på den andre, og dessutan mellom ein instrumentell, regelstyrt praksis og ein fleksibel, relasjonsbasert praksis.
Avhandlinga peikar på at ei regelstyring som er for stram, kan undergrave relasjonar og medverknad. Samstundes kan ein praksis som er for laus og utydeleg, føre til handlingslamming og lite føreseieleg hjelp Avhandlinga løfter også fram behovet for faglege rammer som støttar profesjonelt skjønn og bidreg til å oppretthalde balanse.
Program
- kl. 10.15: prøveforelesing (temaet kjem seinare).
- kl. 11.00: pause.
- kl. 12.15: disputas.
Prøveforelesinga og disputasen går føre seg i Store auditorium (BK 161) i Berte Kanutte-huset.
Lenkje til heile programmet for disputasen kjem etter kvart.
Om du ikkje har moglegheit til å delta fysisk, kan du strøyme arrangementet på YouTube (direktesending).