Sei ifrå
Høgskulen i Volda (HVO) er ansvarleg for at studentane har eit forsvarleg læringsmiljø, og at tilsette har eit godt arbeidsmiljø.
Studentar og tilsette skal medverke til å skape eit godt arbeidsmiljø. Både den som føler seg uriktig behandla, og den som observerer slik åtferd, har ei plikt til å melde frå om dette.
På sikresiden.no finn du opplæring og råd om kva du skal gjere i ein krisesituasjon, og korleis du kan hindre eller avgrense i forkant.
Varsling
HVO har lagt til rette for at studentar og tilsette skal kunna varsla om mobbing eller anna trakassering på ein direkte og open måte, samtidig med at saka blir behandla konfidensielt og i samråd med varslaren.
Definisjonar
Varsling
Varsling er å gi informasjon til den gjeldande institusjonen om alvorlege kritikkverdige forhold, primært lovbrot og brot på allmenne etiske normer.
Trakassering og utilbørleg framferd
Trakassering og utilbørleg framferd skjer i mange ulike variantar, der mobbing og seksuell trakassering er dei mest kjende formene. Trakassering er vanlegvis handlingar som blir gjentekne over tid, men også alvorlege enkelthendingar kan definerast som trakassering. Dette kan arte seg direkte gjennom ord og handlingar, eller at ein unnlèt å handle, men også på meir indirekte måtar.
Utilbørleg framferd er eit svært vidt omgrep som omfattar handlingar som strir mot sosialt aksepterte normer eller er ulovlege, og som kan gi uheldige psykiske og fysiske belastningar.
Mobbing
Ein person er mobba når vedkommande gjentekne gonger og over ei viss tid blir utsett for negative handlingar frå éin eller fleire personar. I definisjonen ligg også at den som blir utsett for dette, har vanskeleg for å forsvare seg.
Seksuell trakassering
Seksuell trakassering er eit samleomgrep for oppførsel som speler på kjønn, kropp og seksualitet, og som blir opplevd som ubehageleg, nedverdigande eller truande for den som blir utsett for det. For eksempel vil uønskt seksuell merksemd kunne vere plagsam, skremmande og øydeleggande, utan at handlinga nødvendigvis krenker verdigheita til den fornærma.