Ny student i Volda
På denne sida finn du alt du treng å vite som ny student ved Høgskulen i Volda – frå studentbustadar og fritidsaktivitetar til helse- og velferdstjenester. Bli ein del av vårt engasjerte studentmiljø og få en flygande start på studiet.

Kva må du gjere som ny student?
1. Registrer deg så snart du kan og aktiver brukarkontoen din. Dette gir deg mellom anna tilgang til ulike undervisningsverktøy og gjer det mogleg å få lån og stipend frå Lånekassen. Dette gjeld både nye studentar og deg som alt er i gang med eit studium.
2. Sjekk kvar og når du skal møte opp. Informasjon om dette finn du i det digitale klasserommet ditt på læringsplattforma Canvas, som du får tilgang når du er semesterregistrert. For å låne bøker hos biblioteket må du bruke studentbevisappen.
3. Les deg gjerne opp. Nedanfor har vi samla tips og nyttig informasjon om alt frå korleis du får studentkort, til tips om bustad og reisemåtar. Du finn også informasjon om du skulle trenge tilrettelegging.
Tips til deg som er ny student
Nyttige informasjonskanalar
Informasjon undervegs i studiet kjem fleire stader, og du får tilgang når du er registrert:
- Studentportalen - her har vi samla alt av nyheiter, nyttige snarvegar og relevant og praktisk informasjon
- Canvas – systemet der du finn det meste knytt til undervisning på studiet ditt.
- Studentweb – informasjon knytt til eksamen, tidlegare resultat m.m.
- E-posten du får ved høgskulen – her kan det kome viktige meldingar.
Du kan følgje Høgskulen i Volda på Facebook, YouTube, Instagram og Snapchat (@hivolda). Elles er nyheiter på Studentportalen ei god kjelde til informasjon.
Bustad og velferd
Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) er ein service- og velferdsorganisasjon for alle studentar i Volda.
SiVolda tilbyr følgjande:
- studentbustad
- kortidsleige på bustad for deg som skal på samling
- kantine på campus
- Studenthuset ROKKEN
- studentbarnehage
- studentrådgjevar
- helsestasjon for studentar
- psykologisk helsetjeneste
- helsekasse og helsefond
- studentvelferd – støtte til lag og organisasjonar
Private bustader
Det finst eit godt utval av bustader på privatmarknaden. Hybel.no er ein god stad å leite. Du finn også mykje på Facebook-sida Til leige i Volda og Ørsta.
Trygg student, oppfølging og tilrettelegging
Vi ønskjer å gi deg ei fin tid i Volda og møte deg på ein god måte. Vi har ei rekkje velferdstilbod som kan bidra til eit trygt og godt studieliv. I starten av semesteret presenterer vi desse for deg.
Har du utfordringar som gir deg ekstra hindringar, så du kan trenge ekstra oppfølging eller tilrettelegging? Dette hjelper vi deg med – berre ta kontakt! Ved Høgskulen i Volda skal vi gjere studiekvardagen god og tilgjengeleg for alle.
Vi tilrår alle studentar og tilsette å ta ein kik på sikresiden.no. Her finn du informasjon om kva du skal gjere om du hamnar i ein vanskeleg situasjon, og kven du kan kontakte lokalt. Det kan også vere smart å lage ein snarveg til sikresiden.no på mobilen din, så finn du raskt svar når du treng det. (Sjå korleis her.)
På nettsidene våre har vi ein knapp som heiter SEI FRÅ. Her kan du melde frå om vesentlege manglar, vanskelege ting du ikkje kan ta opp ved studiet, eller seie frå dersom du ikkje blir høyrd.
Slik kjem du deg til Volda
Det er enkelt å kome seg til og frå Volda. Reiser du med fly frå Gardermoen i Oslo, er du på Ørsta-Volda lufthamn på ein time. Om du vil reise med buss, er det daglege avgangar både til Oslo, Bergen og Trondheim. Til Ålesund går det buss om lag ein gong i timen.
Kart over campus
For å finne fram på campus anbefaler vi å laste ned appen Mazemap. Les meir om campus og fasilitetar
For deg som er nettstudent
På denne sida har vi samla informasjon og tips til deg som er nettstudent
Studiestart 2026
Tysdag 18. august er det offisiell opningsseremoni på campus med talar og underhaldning. Du som skal møte opp i Volda denne dagen, blir møtt av fagansvarlege for studiet ditt og fadrane som vil lose deg gjennom fadderveka.
Engasjer deg i studietida
Skal du søke stipend og lån?
Les om kor mykje lån og stipend du kan få på Lånekassa sine sider.
Ofte stilte spørsmål
Her finn du svar på spørsmål vi ofte får i samband med studiestart.
Se flere artikler om studentlivet i Volda

Følg Høgskulen i Volda i sosiale kanalar
Her får du innblikk i studieliv og nyheiter, ting du kan engasjere deg i eller delta på. Lurer du på korleis det er å jobbe eller studere her, eller saknar du Volda vil du garantert finne noko gull i ein av kanalane våre.
Kontakt oss:
Tlf: 70 07 50 18 | e-post: studentsorvis@hivolda.no eller kom innom i opningstida:
måndag-fredag kl. 08:00 - 15.00 . Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset.


