Semesters
DRUSK906 Tekst og meining
Ingen.
Emnet tek føre seg ulike tilnærmingar til analyse av tekst og meining. Gjennom tolking av tekst og menneskelege handlingar i samfunnet er hermeneutikk eit sentralt utgangspunkt for emnet, og det vert lagt vekt på tekstar både som studieobjekt i seg sjølv og som meiningsberande forskingsmateriale generelt. Emnet vil ta føre seg språkvitskaplege, litteraturvitskaplege, filosofiske, historiske og religionsfaglege tilnærmingar til tekstanalyse.
Sentralt i emnet vil vere ulike teoretiske tilgangar til forståing av tekst og tekststruktur, kva språkleg meining er og til tolking av tekstar. I tillegg vert det lagt vekt på korleis ein kan forstå tilhøvet mellom tekst og kontekst, historisitet og intertekstualitet. Eit viktig mål med emnet er å gje ph.d.-kandidatane innsikt i eit breiare utval av tilnærmingar til tekstanalyse enn dei har i eige prosjekt, samstundes som dei får høve til å fordjupe seg i teoretiske tilnærmingar som er relevante for avhandlingsarbeidet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal kunne
- bidra til ny kunnskap på grunnlag av tekstanalyse
- vurdere tekstar som studieobjekt i lys av ulike tilnærmingar til språkleg meining
- vurdere det teoretiske grunnlaget for og avgrensingane til ulike teoretiske tilnærmingar til tekstanalyse og tolking
Kandidaten skal kunne
- formulere og kritisk vurdere forskingsspørsmål til ulike typar tekstmateriale som empirisk grunnlag for forsking
- handtere komplekse problemstillingar knytt til analyse av tekstmateriale
- analysere og kritisk vurdere tilhøvet mellom tekst og kontekst, historisitet og intertekstualitet
Kandidaten skal kunne
- kritisk vurdere kunnskapsdanning på grunnlag av tekstanalyse
- kommunisere eiga og andre si forsking og bidra til fagleg diskurs på høgt nivå
- skrive akademisk sakprosa på høgt nivå
Emnet har samlingsbasert undervisning med førelesingar, diskusjonar og seminar.
Frammøtekrav:
Det er krav om 80 % deltaking i undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
Arbeidskrav:
Kandidatane skal gje ein munnleg presentasjon av eige ph.d.-prosjekt med vekt på tekstmaterialet som ligg til grunn for prosjektet (15-20 min).
Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Assignment | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 % | 3500 ord (+/- 10 %) |
utvalt teoretisk rammeverk.