Semesters

DRUSK906 Tekst og meining

Course code: 
DRUSK906
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
5
Level of study: 
PhD
Teaching semester: 
2027 Spring
Assessment semester: 
2027 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet tek føre seg ulike tilnærmingar til analyse av tekst og meining. Gjennom tolking av tekst og menneskelege handlingar i samfunnet er hermeneutikk eit sentralt utgangspunkt for emnet, og det vert lagt vekt på tekstar både som studieobjekt i seg sjølv og som meiningsberande forskingsmateriale generelt. Emnet vil ta føre seg språkvitskaplege, litteraturvitskaplege, filosofiske, historiske og religionsfaglege tilnærmingar til tekstanalyse.

Sentralt i emnet vil vere ulike teoretiske tilgangar til forståing av tekst og tekststruktur, kva språkleg meining er og til tolking av tekstar. I tillegg vert det lagt vekt på korleis ein kan forstå tilhøvet mellom tekst og kontekst, historisitet og intertekstualitet. Eit viktig mål med emnet er å gje ph.d.-kandidatane innsikt i eit breiare utval av tilnærmingar til tekstanalyse enn dei har i eige prosjekt, samstundes som dei får høve til å fordjupe seg i teoretiske tilnærmingar som er relevante for avhandlingsarbeidet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten skal kunne

  • bidra til ny kunnskap på grunnlag av tekstanalyse
  • vurdere tekstar som studieobjekt i lys av ulike tilnærmingar til språkleg meining
  • vurdere det teoretiske grunnlaget for og avgrensingane til ulike teoretiske tilnærmingar til tekstanalyse og tolking
Learning outcome skills

Kandidaten skal kunne

  • formulere og kritisk vurdere forskingsspørsmål til ulike typar tekstmateriale som empirisk grunnlag for forsking
  • handtere komplekse problemstillingar knytt til analyse av tekstmateriale
  • analysere og kritisk vurdere tilhøvet mellom tekst og kontekst, historisitet og intertekstualitet
Learning outcome qualification

Kandidaten skal kunne

  • kritisk vurdere kunnskapsdanning på grunnlag av tekstanalyse
  • kommunisere eiga og andre si forsking og bidra til fagleg diskurs på høgt nivå
  • skrive akademisk sakprosa på høgt nivå
Working and learning activities

Emnet har samlingsbasert undervisning med førelesingar, diskusjonar og seminar.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 80 % deltaking i undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6

Arbeidskrav:

Kandidatane skal gje ein munnleg presentasjon av eige ph.d.-prosjekt med vekt på tekstmaterialet som ligg til grunn for prosjektet (15-20 min).

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Tor Arne Haugen
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Assignment
Individual
1 Semester
Pass / fail
100 %
Eit individuelt fagessay som knyter tekstmaterialet i eige ph.d.-prosjekt til eit
utvalt teoretisk rammeverk.
3500 ord (+/- 10 %)