Fagdag geriatri - "Mind the gap"

Tema: Alle overgangar medfører ein risiko ! Vi må redusere farane for pasientane når dei er i overgangen mellom sjukehus og kommunehelsetenesta. Vi må både redusere tal overgangar ved å behandle pasientane på rett stad og hindre at pasientar vert flytta unødig. Vi må saman nytte ny teknologi som er tilgjengeleg og utarbeide gode behandlingsplanar for og saman med pasientane.

FagdagGeriatri April 2026

Fagdagen er eit årleg arrangement i samarbeid mellom kommunane på søre Sunnmøre, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. Målgruppa er helsepersonell i kommunane og ved sjukehuset i Volda, studentar og tilsette ved Høgskulen og andre som er interesserte i temaet.

På årets fagdag har vi valt å sette søkelys på dei sårbare overgangane som mange pasientar opplever, situasjonar som pasienten har liten kontroll over. Overgangar vi særleg tenkjer på her er mellom kommune og sjukehus, men problemstillinga er og aktuell internt i eigne organisasjonar.

 

Program

0830Registrering
0900Opning av dagen v/Stian Endresen
0910PSHT Volda – Korleis legge til rette for pasientsentrerte helsetenester for 
skrøpelege eldre? Presentasjon av prosjektet på Søre Sunnmøre som er eit av fire 
PSHT-prosjekt i Møre og Romsdal v/prosjektgruppa PSHT Volda
1015Pause
1030PSHT fors. med presentasjon i innføring av CFS (clinical fragility score) for å få ei 
god vurdering av pasientane sitt funksjonsnivå.
1130Lunch
1215Innbyggarar med manglande digital kompetanse v/Sindre Sandbakk eller Jørn Persson
1245Legevakt Søre Sunnmøre - Korleis arbeider dei mtp vurdering av eldre skrøpelege
pasientar? Heimebesøk, bruk av legebil, behandlingsplanar, palliativ plan?
 v/Jørn Kippersund
1315Pause
1330DHO (Digital heimeoppfølging) Presentasjon av prosjektet, resultat og plan for breidding. 
v/Søre Sunnmøre legevakt/Erlend Bae
1400Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste i Ålesund. Korleis jobbar dei for å bygge
kompetanse i kommunen og hos pasient og pårørande? v/Brit Krøvel og Linn-Tone Skoglund 
1430Avslutning og diskusjon - kva verktøy skal vi nytte for å sikre gode overgangar v/S Endresen
1500Vel heim

 

Frist for påmelding: 15. april 2026 klokka 23:59

Pris: 500,-

Tilsette frå kommunane melder seg på via LetsReg.no.

Tilsette i Helse Møre og Romsdal melder seg på via Læringsportalen.

Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda melder seg på ved å sende mail til Bjørn Gunnar Tafjord

Del på: