Innspelsmøte om nytt demokratisenter

Tysdag 24. februar inviterer Høgskulen i Volda til innspelsmøte. Målet er å hente inn idear til kva eit nytt demokratisenter på Søre Sunnmøre skal innehalde.

Bjarte Folkestad og Ingvild Sande Lillebø.

HVO-kollegaene Bjarte Folkestad og Ingvild Sande Lillebø inviterer til innspelsmøte for eit nytt demokratisenter på campus 24. februar. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Hausten 2025 fekk Høgskulen i Volda (HVO), i samarbeid med Norsk innovasjonssenter (NIAS), tildelt midlar frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre. Midlane skal brukast til å utforske moglegheitene for å etablere eit regionalt demokratisenter.

No ønskjer prosjektgruppa innspel frå innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar.

Meir enn berre politikk

– Når vi snakkar om demokrati, tenkjer mange på system, val og politiske vedtak. Men for oss handlar dette like mykje om å bygge gode lokalsamfunn, seier HVO-professor Bjarte Folkestad

Han er prosjektleiar og kontaktperson i prosjektet, der han har med seg kollega og høgskulelektor Ingvild Sande Lillebø.

Prosjektgruppa ønskjer å rette søkjelyset mot kvardagsdemokratiet: Korleis snakkar vi saman når vi er ueinige? Korleis motverkar vi utanforskap, og korleis skaper vi trygge samfunn der alle kjenner at dei høyrer til?

Treng innspel frå regionen

Sjølv om det norske demokratiet står sterkt, peikar Folkestad på at det finst utviklingstrekk som kan utfordre folkestyret  vårt – også lokalt.

– For å forme eit senter som møter desse utfordringane, treng vi hjelp frå dei som kjenner kvar skoen trykkjer. Vi ønskjer å finne ut kva behov folk ser i sine eigne lokalsamfunn, seier Lillebø, som oppmodar interesserte til å kome med innspel.

Innspelsmøtet finn stad i Hans Strøm-huset («Skildringa» – rom HS227) ved Høgskulen i Volda tysdag 24. februar klokka 18.00–20.00.

Del på: