Opptak
Her finn du informasjon om opptak til Høgskulen i Volda, korleis du søkjer og annan informasjon som kan vere nyttig for deg som søkjar.
For å bli student ved Høgskulen i Volda, søkjer du om opptak anten gjennom Samordna opptak eller vår lokale Søknadsweb. Du som søkjar om opptak må vise til generell studiekompetanse eller tilsvarande. Til flere av studia våre kan spesielle opptakskrav kome i tillegg.
Ofte stilte spørsmål
Når får eg svar på søknaden min?
Samordna opptak
Søkjer du gjennom Samordna opptak innen 15. april får du svar om lag 20. juli.
Søkjer du gjennom "Ledige studieplasser" på Samordna opptak fra og med 20. juli, går første runde med svar i suppleringsoptaket. Søkjarar som søkjer seinare får deretter svar innan ei veke.
Søknadsweb
Søkjer du direkte til Høgskulen i Volda til eit studium med søknadsfrist, vil du få svar så snart alle søknadene er ferdig handsama etter fristen. For mastergradsprogramma våre betyr dette i midten av april, medan du for andre studium vil få svar seinast ei veke etter ettersendingsfristen for dokumentasjon 1. juli. Vanlegvis har vi tilboda klare tidlegare.
Søkte du på eit studium med løpande opptak vil du få svar innan to veker frå alt av dokumentasjon er lasta opp. Du kan følgje med på søknadstatus inne på Søknadsweb.
Grunngjeving for avslag på søknad
Du kan be om grunngjeving for vedtaket om avslag på søknaden din innan tre veker etter at du mottok svarbrevet.
Her finn du nettskjema for å be om grunngjeving.
Eg har ikkje noko brukarnamn eller passord å logge på med, kva gjer eg?
Du har fleire mulege måtar å logge seg på Søknadsweben. Dersom du har studert ved Høgskulen i Volda dei siste åra, kan du logge på via Feide - med brukarnamnet og passordet som du nytta når du studerte her.
Har du ikkje studert her tidlegare, kan du logge på med ID-porten. Her kan velje om du vil nytte MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Du vel metode for innlogging til høgre i påloggingsvindauga.

Er eg kvalifisert?
Vi har ikkje moglegheit til å førehandsvurdere deg som søkjar, dette skjer først under handsaming av sjølve søknaden. Du finn opptakskrava til studiet i studiekatalogen, dersom du er usikker på om du er kvalifisert anbefaler vi at du sender inn ein søknad.
Kva er forskjellen på ordinær kvote og kvote for førstegongsvitnemål?
I kvoten for førstegongsvitnemål konkurrerer du kun med skulepoeng. Du konkurrer i denne kvoten til og med året du fyller 21 år. I ordinær kvote konkurrerer du med skulepoeng, tilleggspoeng og alderspoeng.
På Samordna opptak si nettside finn du meir informasjon om poengberegning og kvoter.
Går studiet eg er interessert i neste haust/vår?
Studia vi tilbyr variera noko frå år til år. I studiekatalogen ligg alle studia vi har tilgjengeleg for det kommande skuleåret. Denne vil vere oppdatert seinast 1. februar for studiestart påkommande haust og neste vår.
Kan eg reservere studieplass til neste år?
Dersom du har fått tildelt studieplass ved Høgskulen i Volda, men likevel ikkje kan starte på angitt tidspunkt, kan du søkje om reservasjon av studieplass her. Du kan få reservert studieplassen din for eitt eller to år på grunn av innkalling til millitærteneste, fødsel, adopsjon eller andre tungtvegande grunnar.
Søknaden sendast til Høgskulen i Volda og du må legge ved dokumentasjon på kvifor du ønskjer å reservere plassen. Dette er til dømes legeattest eller tenesteinnkalling. Skal du reservere studieplassen din, må du
- takke ja til studietilbodet innan svarfristen
- sende søknaden innan 3 veker etter at du fekk tilbodet
Har du ein reservert studieplass?
Då er du garantert å få studieplassen dersom du
- søkjer på same studium innan søknadsfristen
- svarar innan fristen i det året du fekk studieplassen reservert til
Eg ønskjer å seie i frå meg studieplassen. Kva gjer eg?
Dersom du har søkt Samordna opptak, kan du logge inn i søknaden din og takke nei til plassen.
Dersom du har søkt lokalt opptak (Søknadsweb) kan du sjølv trekke søknaden din inne på Søknadsweb.
Kan eg få tidlegare utdanning godkjent i graden?
Du må først søkje opptak, få tilbod om studieplass og vere registrert som student før du kan søkje om å få emne frå tidlegare godkjent i graden din. Du finn meir informasjon ved klikke på denne lenkja her.