Arbeidsmåtar

Aksjonslæring, nettverksarbeid og strukturar som kan støtte opp under felles utviklingsarbeid, har vist seg å vere viktige element for å kunne lukkast i ein kollektiv læringsprosess.   

Ein mykje brukt utviklingsstrategi er Voldamodellen, strategien kjem til uttrykk på ulikt vis og modellane ein arbeider etter vert utforma i samarbeid med praksisfeltet (Andreassen, 2015).  

Samlingar, møte og seminar skjer etter initiativ frå og i avtale med kommune, kommunegruppe eller region innanfor rammene for eit skule- eller barnehagebasert utviklingsarbeid. Eigar og leiar for skule og barnehage, gjerne gjennom regional arbeidsgruppe, organiserer og har ansvar for praktisk tilrettelegging og gjennomføring innanfor eigne rammer og lov- og avtaleverket i samarbeid med organisasjonane. 

Voldamodellen

Voldamodellen femnar om både struktur og prosessar, er referanse for leiing, styring og organisering og skildrar læringsprosessar slik ein gjennom partnarskap ønsker å gjennomføre eit utviklingsarbeid.  

Innanfor den utviklingsstrategien ein vert samde om, kan Høgskulen i Volda delta på aksjonslæring, dialogseminar, nettverk og i utviklingsmøte etter avtalt tidsplan. 

Utviklingsstrategi - prosessmodell: 

Utviklingsstrategien viser til to parallelle løyper, ei for samla personale og ei for leiarane.  Modellen femnar om både struktur og prosessar, er referanse for leiing, styring og organisering og skildrar læringsprosessane slik dei kan vere i utviklingsarbeid.  Innanfor denne modellen kan Høgskulen i Volda delta på dialogseminar  og i leiarrettleiingsmøte etter avtalt tidsplan.  

Aksjonslæring

Aksjonslæring er tett kopla til handlingar og erfaringar i læraren sin praksis der refleksjon og dialog bidreg til at tilsette og leiarar i fellesskap kan skape ny forståing og nye handlingsrom for arbeidet skule og barnehage. 

I aksjonslæring vel ein ut spesifikke område ved praksis der ein ønsker endring. Gjennom å formulere spørsmål til praksis, reflektere og snakke i lag  med kollegaer, kan tilsette og leiarar få ny forståing av eigen praksis og oppleve nytt handlingsrom. 

Metoden er kjenneteikna av fire fasar: 

  • Planlegging, t.d. plan for samlingsstund eller opplæringsøkt 
  • Handling, gjennomføring av planane 
  • Observasjon av handling 
  • Refleksjon over handling 

Deltakarane forskar på eigen praksis ved å stille spørsmål om kvifor ein handlar som ein gjer og kva som kan forbetrast. Handling og observasjon blir utført i praksis-situasjonar, medan planlegging og refleksjon skjer i samtale med kollegaer. 

Dialogseminar

Ved å legge dialogseminarmodellen til grunn for arbeidet, vil ein kunne legge til rette for både individuell og kollektiv læring.   

Dialogseminarmodellen, også kalla dialogkonferansemodellen, er bygd med utspring i ei forståing av læring som eit samspel mellom teori og praksis (Lund et al., 2010). Dialogseminar er gjerne ein integrert del av aksjonslæringsprosessar på skulane og barnehagane. 

Dialogseminara er organisert i ein modell med fire læringsrom der samskaping og deltaking er sentralt (Andreassen, 2015). Ved hjelp av føreseielege ytre rammer og felles forståing av korleis læring kan finne stad, kan dialogkonferansen vere eit reiskap for kunnskapsutvikling i skulen og barnehagen. 

Meir om dialogkonferansemodellen