Vidareutdanning (masternivå)
Tiltak mot rusproblem
I dette studiet fokuseres det på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk, og du vil få ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 15
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.11.2026
Høgskulen i Volda tilbyr to vidareutdanningsemne på masternivå som samla gir oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk, lovgjeving på og organisering av rusfeltet, samt behandling. Rus som kulturelt og sosialt fenomen (RUS301) går i haustsemesteret, medan Tiltak mot rusproblem (RUS302) går i vårsemesteret.
I masteremna vert det fokusert på på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.
Meir informasjon om studiet
Tiltak mot rusproblem (RUS302) har tre hovudtema:
Tema 1) Grunnlagsspørsmål
- forståingsmodellar
- etikk og brukarperspektiv
- juridiske rettar
- organisasjonsstrukturen på rusfeltet
Tema 2) Tilnærmingsmåtar
- behandlingsmodellar
- lågterskeltiltak
Tema 3) Særskilde tiltak
- tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
- legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- motiverande samtale (MI)
- rus og psykisk liding (ROP)
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, og det vert forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom der dei mellom samlingane kan laste ned program for samlingar og førelesingar. Der kan studentane også kommunisere med faglærar og medstudentar.
Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag.
Opptakskrav
- Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
- Cand.mag.- grad med relevant fagsamansetting.
- Anna relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.
For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, av desse må 20 studiepoeng vere på fordjupingsnivå.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet er ein del av Master i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering. Studentar som ønskjer å fullføre mastergraden, vil få emnet godskrive.
Les meir her

