X2 Festival 2026

Årets utgåve av ekstremsportfestivalen X2 blir arrangert i Volda og nærområdet onsdag 15. april til søndag 19. april.

X2

Festivalprogrammet er velfylt som alltid: Kom og opplev interessante foredrag med alt frå Oddgeir Bruaset til Over Grønland, ein konsertmeny som spenner frå folkekjære Stein Torleif Bjella til undergrunnsfavoritten Sa_G, og ikkje minst massevis av actionfylt ekstremsport og vintermoro.

Bli ein del av den unike X2-vibben som frivillig, publikum eller deltakar – kjøp billett, meld deg på sportane eller sjekk ut heile programmet på x2festivalen.no.

Del på: