Ytringsfridom i krig og konflikt – open forelesing med Anine Kierulf

Verda er uroleg – korleis påverkar det ytringsfridomens kår? Korleis står det eigentleg til med ytringsfridomen i dag, både ute i verda og i Noreg?

Anine Kierulf, ekspert på ytringsfridom og menneskerettar, kjem til Volda for å snakke om dette. Den 15. april vil ho halde ei dialogbasert forelesing saman med professor Ellen Lexerød Hovlid, som arbeider med spørsmål knytte til ytringsfridom ved Høgskulen i Volda. 

Forelesinga er open for alle, også folk utanfor høgskulen, og det vil bli rikeleg anledning til å stille spørsmål.

Del på: