Barnehagekonferansen 2026 - Trygg start – sterk framtid (Ålesund)
Er demokratiet trygt i våre hender?
Nasjonal beredskap handlar ikkje berre om å handtere kriser, men òg om langsiktig arbeid for å ta vare på fellesskapet. Innanforskap og barns medverknad er grunnleggande for eit demokratisk samfunn. Nettopp her har barnehagen et tydeleg mandat: å bidra til barns danning, med vekt på verdiar, haldningar og deltaking i fellesskapet.
Barnehagelæraren har ei nøkkelrolle i å legge til rette for at barn kan finne, utvikle og halde på vennskap. Når barn får oppleve fellesskap og kjenne at dei høyrer til, bygger dei erfaringar som gjer dei sterkare – både no og seinare i livet.
Gjennom demokrati i praksis får barna erfare medverknad, respekt og rettferd i kvardagen. Dei skal ikkje berre lære om demokrati, men òg lære å delta i det. Slik utviklar barna seg til trygge, lyttande og medverkande menneske. Dette kan vere starten på kritisk tenking, gjennom nysgjerrigheit og rom for å stille spørsmål.
Når barn opplever demokrati i praksis, legg det eit viktig grunnlag for nasjonal beredskap. Slike erfaringar kan førebygge radikalisering og motverke likegyldigheit – over tid og i eitt breitt samfunnsperspektiv.
Målet med årets konferanse er å fordjupe oss i barnehagen si rolle i framtidig beredskapsbygging, og å utforske korleis denne rolla kan styrkast vidare.
Meir informasjon kjem etter kvart.