Studere i Volda

Vil du ha ei unik studietid og solid utdanning? Vener for livet, nettverk og topp fagmiljø? Då bør Volda vere den perfekte studiestaden for deg!

Gode grunnar til å velje Volda

  • Du får opplevingar og vener for livet i den beste studiebygda i verda!
  • Du vil oppleve nær kontakt mellom student og lærar, med dyktige tilsette som brenn for faga sine.
  • Vi har tett samarbeid med ulike aktørar i arbeidslivet, og mykje praksis i inn- og utland.
  • Du kan reise på utveksling som ein del av utdanninga, og vi har eit stort internasjonalt miljø på campus.
  • Vi har eit topp moderne mediehus med studentradio, -tv og -avis.
  • Vi har ei lang rekke velferdstilbod og ein eigen studentsamskipnad som sørgjer for eit trygt og godt liv utanfor studia.
  • Vi har eit eige studenthus, Rokken, og Volda er kjend som ei festivalbygd.
  • Det er billeg å bu, og det er kort veg til alt.

Velkommen til Volda

Studiebygda Volda er kjend for medieutdanning, innovative lærarutdanningar, mykje praksis og eit særskilt godt studentmiljø. Vil du ha ei unik studietid og solid utdanning? Vener for livet, nettverk og topp fagmiljø? Då bør Volda vere den perfekte studiestaden for deg!

Les meir om studiebygda Volda!

Slik bur du godt i Volda

Er du på jakt etter å studere ein stad der store delar av studielånet ikkje går med til å dekkje husleiga? Då er Volda staden for deg! I naturskjønne omgjevnader finn du eit nært og kjært studiemiljø – og ikkje minst nokre av dei billegaste studentbustadene i Noreg.

Ny student i Volda?

På denne sida finn du alt du treng å vite som ny student ved Høgskulen i Volda. Bli ein del av vårt engasjerte studentmiljø og få en flygande start på studiet.

Studenter i sosial setting utenfor Sivert Aarflot-bygget