Fagside for historie

Søk etter bøker og artiklar i HVO-biblioteket

Finn fleire bøker og artiklar

Nordisk

SCUP (Scandinavian University Press)
Fulltekstartiklar frå nordiske fagtidsskrift. Også nokre fagbøker.

1814-bibliografien
Inneheld referansar til monografiar, artiklar i bøker og tidsskrift, biografiar, dagbøker, m.m. der 1814 anten er eit hovudtema, eller inngår som del av ein større heilskap.

Nasjonalbibliotekets nettbibliotek 
Norske digitaliserte bøker, aviser og tidsskrift. Du finn også bla. gamle tv- og radioprogram, kart, brev og manuskript i Nettbiblioteket.

Det som ikkje ligg ope tilgjengeleg kan du søke om tilgang til. Logg inn i Nettbiblioteket med Feide-id via menyen og send inn «Søknad om tilgang til pliktavlevert materiale». NB! Studentar får ikkje tilgang til lærebøker for høgare utdanning og profesjonsspesifikk faglitteratur utgitt dei siste 20 åra. Søketips i Nettbiblioteket

Nasjonalt vitenarkiv (NVA)
Samlar informasjon om norsk forsking og gjer forskingsresultat og forskingsinformasjon ope tilgjengeleg.
Her kan du også få tilgang til master-og bacheloroppgåver frå Høgskulen i Volda.

Norart
Referansar til artiklar i norske og nordiske tidsskrift og årbøker innan alle fagområde, hovudsakeleg frå 1980-2020.

Internasjonalt

JSTOR
Arkiv over internasjonale vitskapelege tidsskrift i fulltekst. Dekkjer normalt ikkje dei siste 3-5 åra av eit tidsskrift.

Siteringsdatabasar

Google Scholar
Søkemotor for vitskapeleg litteratur, inkludert litteratur frå dei opne arkiva til norske og utanlandske universitet og forskingsinstitusjonar. Erstattar ikkje fagdatabasane, men kan vere ein bra stad å starte litteratursøk. Har siteringssøk. Google Scholar søkehjelp (UiA).

Web of Science
Inneheld referansar til artiklar frå leiande tidsskrift innan vitskap, teknikk, samfunnsfag og humaniora. Har også siteringssøk.

Finn aviser

Atekst Retriever

Atekst er eit fulltekst mediearkiv frå Retriever med artiklar frå norske aviser, blad og nyhendebyrå. Tidsdekninga for avisene varierer, mange begynner først på 1980-, 1990-, eller 2000-talet.

Merk! Dersom det står Retriever Logg inn, må du laste inn sida på nytt (F5 eller Ctrl+r).  Brukarmanual for søk i Atekst (NHH)

Norske digitaliserte aviser i Nasjonalbibliotekets nettbibliotek

I Avisbasen i Nasjonalbibliotekets nettbibliotek finn du ei stor samling digitaliserte aviser av både nyare og eldre årgang. Også lokalaviser er inkludert. Her er aviser heilt tilbake til 1700-talet. Ein del avisårgangar ligg ope tilgjengeleg for alle. Resten kan du søke om tilgang til. Kravet er at bruken er knytta til forskings- eller dokumentasjonsformål. Logg inn i Nettbiblioteket med Feide-id via menyen og send inn «Søknad om tilgang til pliktavlevert materiale».

Søketips i Nettbiblioteket

Aktuelle nettstader

Arkivmateriale

Arkivportalen
Nasjonal søketeneste på tvers av arkivinstitusjonane sine katalogar.

Digitalarkivet
Arkivverket sitt tilbod av digitaliserte, søkbare kjelder som t.d. folketeljingar, kyrkjebøker og emigrantprotokollar.

Lokalhistorie

Lokalhistorie
Oppbygd i regi av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI). Har som siktemål å formidle kunnskap og dokumentasjon om ulike sider ved lokalhistoria, gi tilgang til lokalhistorisk kjeldemateriale og å gi rettleiing til lokalhistoriske forfattarar og oppdragsgjevarar.

Lokalhistoriewiki
Nettstad for m.a. lokalhistoriske leksikonartiklar og kjeldearkiv som Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) driv. Artiklane blir skrive av frivillige med interesse og kompetanse innanfor dei felta leksikonet dekkjer.

Offentleg informasjon og statistikk

Historisk befolkningsregister
Gir oversikt over befolkninga i Noreg frå 1800 til i dag. 

Historisk statistikk
Frå Statistisk Sentralbyrå. Historisk statistikk inkluderer historiske publikasjonar i pdf-format, tabellar med tidsseriar som går bakover i tid, etter emne, historisk-statistiske analyseartiklar og norske folketeljingar.

Kudos: Kunnskapsdokumenter i offentlig sektor
Dokumentsamling og søkeløysing for offentlege kunnskaps- og styringsdokument. Blant anna evalueringar, utgreiingar, årsrapportar, tildelingsbrev, NOU-ar, planar og strategiar, samt proposisjonar og meldingar til Stortinget.

Lovdata
Her finn du også oppheva lover.

Stortingsforhandlinger 1814–2005
Stortingsforhandlingar for perioden 1814-2005 i fulltekst.

Tidsskrift

BrowZine

Ein teneste som gir deg enkel tilgang til alle e-tidsskrifta som Høgskulen i Volda abonnerer på. I ditt eige bibliotek i BrowZine kan du legge inn favorittane dine og få god oversikt over det du interesserer deg for.
Brukarrettleiing på YouTube.

Andre ressursar

David Rumsey Map Collection
Samling med digitaliserte kart frå perioden 1600-2000.

HIFO - Den norske historiske forening
HIFO arbeider m.a.  for å fremje norsk historieforsking og å styrke historiefaget i høgare utdanning og i skuleverket.

Internet Archive
Historisk oversikt over nettsider. Her kan det vere mogeleg å hente inn igjen sider som ikkje lenger eksisterer, eldre versjonar etter oppdateringar, bøker, musikk, videoar, osv.

Minner
Digitalt miljø for å samle, ta vare på og formidle ulike former for intervju og skriveopprop, som viser ulike menneske sine erfaringar, kunnskapar og opplevingar.

Norsk folkeminnesamling
Ressursside frå Universitetet i Oslo.

Reviews in History
Bokomtalar av aktuelle historiske verk frå alle periodar og perspektiv i faget.

Skeivt arkiv
Nasjonalt kunnskapssenter for skeiv historie.

Storgjerdesamlinga
Fotoarkiv frå Søre Sunnmøre.

Finn fleire databasar