Semestre
DIGKOMPBHG2 Digital praksis og profesjonsutvikling i barnehagen
Emnet «Digital praksis og profesjonsutvikling i barnehagen» bygg vidare på grunnleggjande kunnskap frå «Innføring i digital kompetanse og praksis i barnehagen» og gir studenten høve til å fordjupe seg i korleis teknologi kan styrke barnehagens pedagogiske arbeid.
I dette emnet får studenten utforske ulike digitale verktøy som til dømes multimodale uttrykk og studenten lærer korleis desse kan brukast til å fremje leik, utforsking og gode samtalar. Emnet gir studenten verktøy til å analysere, utvikle og evaluere digitale læringsprosessar i samarbeid med kollegaer, slik at ein kan bidra til profesjonsutvikling i barnehagen. Emnet legg vekt på forskingsbasert og praksisnær kompetanse, og studenten får kunnskap om digitale verktøy, ressursar og arbeidsmåtar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- anvende kunnskap om og analysere kreativ og skapande digital praksis i barnehagen.
- kunne vurdere PDFK som del av barnehagen sitt samfunnsmandat
- anvende kunnskap om digital dømmekraft, personvern og andre rammer som regulerer digital praksis, til systematisk kollektive læringsprosessar i barnehagen
- samanstille kunnskap om og foreslå konsekvensar av moderne barndom og mediesamfunnet for barnehagens praksis
- kjenne teoretisk fundament for og utnytte kollektive læringsprosessar, til utvikling av verdiar og læringssyn i barnehagen
- analysere og utrede konsekvensar for digital praksis som del av ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling, og for å skape eit rikt og allsidig læringsmiljø
Studenten skal kunne
- vurdere og tilpasse bruk av modalitetar i både tradisjonelle medium i ein variert digital barnehagepraksis, gjennom kollektive læringsprosessar
- produsere, vurdere og evaluere planar for læringsprosessar som tematiserer kunnskapsmåla i emnet.
Studenten
- tek ansvar for lokal kompetanseutvikling og profesjonsfellesskap
- anerkjenner utfordringar i mediesamfunnet og viser evne til å ta grep for å imøtekome dei
Studiet er nettbasert og fundamentert på studentaktive læringsformer med fokus på praktisk utprøving på eigen arbeidsplass. Studenten kan jobbe seg gjennom studiet tilpassa eigen kvardag (asynkront). Vi nyttar Teams som supplement til Canvas sine kommunikasjonsverktøy for å styrke sosialisering og relasjonsbygging i studentgruppa. Slik får studentane også med seg perspektiv på, ikkje berre bygd på eigen bakgrunn. Innhaldet i emnet består av leksjonar, som eksemplifiserer korleis digital praksis kan nyttast på eit mangfald av fagområde og kontekstar. Vurdering for læring ligg til grunn for læringsdesign og leder fram mot arbeidskrav og mappevurdering.
Frammøtekrav: ingen.
Arbeidskrav:
- Studenten skal planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere aktivitetar med digitale element
- Studenten skal gjennomføre og evaluere kunnskapsdeling i eigen barnehage.
Arbeidskrava vil bygge på aktivitetane i ulike delane av emnet og vidareutviklast til vurderingsmappa som utgjer eksamen. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Digital kompetanse i barnehagen - vidareutdanning
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 7 Dagar | Stått eller ikkje stått | 100 |