Noregs forskingsråd (NFR)

Forskingsadministrasjonen kan gi støtte til forskarar ved høgskulen som skal søkje midlar frå Forskingsrådet til forskar- eller samarbeidsprosjekt. Ta kontakt med forskingsadministrasjonen så tidleg som mogleg dersom du skal søkje, slik at vi kan avklare kva støtte du treng. 

Aktuelle utlysingar:

Forskingsrådet lyser no ut midlar til forskarprosjekt med søknadsfrist i vår:

I tillegg har FRIPRO løpande frist. Ei samla oversikt over aktuelle utlysingar frå Forskingsrådet kan ein finne på denne nettsida.

Tips til søknaden

NFR innfører nytt søknadssystem for hovuddelen av utlysingane i 2026. Gjer deg godt kjend med søknadsskjemaet i god tid før fristen, samt krav og føringar i utlysingsteksten. På denne nettsida kan du finne sju enkle tips til arbeidet med søknaden. 

Søkjarwebinar

NFR tilbyr ei rekke webinar for deg som skal søkje. Informasjon om ulike arrangement kan ein finne på denne nettsida.

Fagekspertar

Dei fleste søknader til Forskingsrådet vert vurderte av ekspertar på tema og fagområde søknadene dreier seg om. NFR hentar ekspertar frå nasjonalt og internasjonalt leiande forskings- og innovasjonsmiljø. Les meir om behandling av søknadene her