Lunsjarrangement: Koreografi og kunstnarisk forsking
I dette lunsjarrangementet vil Solveig Styve Holte presentere utdrag frå doktorgradsarbeidet Koreografi av eit arkiv av relasjonar: Singulariteter og det felles delte i dans, som ho disputerte med på Kunsthøgskolen i Oslo 24. februar. Holte har i sitt kunstnariske utviklingsarbeid utforska koreografiske metodar og prosessar for bruk av arkiv i dans og stiller spørsmåla: Korleis kan koreografi eksistere som ein singularitet, som eit objekt som synleggjer historiske dansearkiv, observasjonsmodaliteter og arkiv av oppgåver og situasjonar? Kva om koreografi ikkje handlar om å finne opp nytt materiale, men om ein prosess av å komponere, arbeide med og synleggjere eksisterande materiale og relasjonar?
Eit av Holte sine arbeid i doktorgraden er det fleirårige prosjektet YKS Ung der ungdom frå Sunnmøre blir del av ein kunstnarisk prosess der arbeidet blir framført i naturrom, offentlege rom og museum. Helga Synnevåg Løvoll er med i referansegruppa for YKS Ung, og ho og Holte vil samtale om kva eit kunstnarisk utviklingsarbeid er, kva betyr det å seie at dansekunsten er del av vårt felles delte og korleis det å ta dans/ kunst ut av romma vi kjenner dei i og til dømes presentere dei i det offentlege som naturen betyr for opplevinga av verket.
Solveig Styve Holte er dansar og koreograf med doktorgrad frå avdeling Dans ved Kunsthøgskolen i Oslo og bur på Folkestad. Holte har skapt eit titals koreografiske arbeid for mellom anna Dansens Hus, MUNCH, Henie Onstad Kunstsenter, KUBE, KIASMA Helsinki, Kilden Teater og fleire, og ho har undervist ved høgare utdanningar i Oslo, København og Athen, og i tillegg halde workshops for både profesjonelle, studentar, barn og unge, nasjonalt og internasjonalt. Frå 2025 er Holte tildelt 5-årig arbeidsstipend frå Statens kunstnarstipend.
Helga Synnevåg Løvoll er professor ved Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda, og forskar mellom anna på positive kjensler, velvere og estetiske opplevingar i naturen.
Det blir servering av kaffi og te – ta gjerne med lunsjen din. Velkomen!