Studentsørvis

Total 1325 results

  • Får råd frå tidligare studentar

    Artikkel

    Får råd frå tidligare studentar

    Published

    Han er på jakt etter dei beste tipsa, Ståle Grut, når han får tidlegare mediestudentar til å fortelje om studietida i Volda og kvardagen etterpå. Merksemda rundt intervjua har blitt større enn forventa, blant anna frå Noregs største nettside for journalistar.

  • X2 inviterer til folkefest

    Artikkel

    X2 inviterer til folkefest

    Published

    Like etter påske inviterer ekstremsportfestivalen X2 til folkefest. X2 kutter gjennomfartspulsåren gjennom Volda, for å åpne til storslått festivalområde.

  • Studentar har rydda «Lærarskuleskogen»

    Artikkel

    Studentar har rydda «Lærarskuleskogen»

    Published

    Utefagstudentane har gjort ein kjempejobb med å rydde i «Lærarskuleskogen» etter Dagmar. I fleire timar har dei gått laus med handsager, motorsager, økser og spader. No er endeleg bålplassen og «torget» framme igjen. Granbar og kvist blei til hinderløyper, gapahukar og barhytter. Studentar og born har allereie tatt i bruk skogen.

  • Treng crew til kortfilm

    Artikkel

    Treng crew til kortfilm

    Published

    – Eg treng folk som kan jobbe med lys, lyd og film til ein kortfilm eg skal lage no i vårsemesteret. Filmen er ein del av bacheloroppgåva mi på media, IKT og design, seier Aleksander Vågsholm.

  • Bachelorstudentane i historie på studietur til Roma

    Artikkel

    Bachelorstudentane i historie på studietur til Roma

    Published

    Som første kull i det reviderte bachelorprogrammet i historie er denne gruppa «prøveklutar» for eit nytt element i studiet – ein studietur til Roma. Byen inneheld særs mykje innføring i historiefaget: statsutvikling, kjeldetolking, konfliktløysing, økonomisk utvikling, kunsthistorie med meir over ein periode på 2500 år.

  • Møtte alpinlegenda Stein Eriksen i USA

    Artikkel

    Møtte alpinlegenda Stein Eriksen i USA

    Published

    Høgskulelektor Arnfinn Haug (t.v.) og førstelektor Frode Sætre ved Seksjon for idrett og friluftsliv ved Avdeling for kulturfag, har vore på studietur til USA der dei møtte alpinlegenda Stein Eriksen. På studieturen besøkte vi skianlegg og skiskular i Deer Valley, Park City, The Canyon, Snowbird og Alta. Skianlegga ligg i nærleiken av Salt Lake City i staten Utah.

  • Spenningskurs på Bjorli

    Artikkel

    Spenningskurs på Bjorli

    Published

    Dette er ei vinter- og friluftslivaktivitetsveke for personar med ulike funksjonsnedsettingar der studentar og elevar er instruktørar. Deltakarane kan velje mellom fleire spenningsaktivitetar som snørafting, taubane, hundespann, friluftsliv, alpint, telemark og langrenn.

  • Trond Tønder som gjesteforeleser

    Artikkel

    Trond Tønder som gjesteforeleser

    Published

    Igjen er det ein dyktig gjesteforelesar på From Script to Screen. Denne gangen er det filmfotografen Trond Tønder som skal undervise studentane i filmfotografi.