Ledige studieplassar
Frå 20. juli kan du søkje på dei siste ledige studieplassane for hausten. Her er tilbod både for deg som vil bli ny student og deg som vil bygge på eller ta etter- og vidareutdanning. Det er mogleg å studere både på heiltid, deltid og på nett.

Samordna opptak
Samordna opptak sin søknadsfrist var 15. april.
Fekk du ikkje søkt i tide?
19. juli blir lista over ledige studieplassar lagt ut hos Samordna opptak. Då har du ein dag på deg til å sjå om det er nokre ledige studieplassar du ønskjer å søkje på.
Frå 20. juli kl. 09.00 kan du søkje på ledige studieplassar. Det er løpande opptak til dei ledige plassane. Det vil seie at du må søkje så raskt som mogleg frå dette tidspunktet. Viss det er fleire søkjarar enn ledige studieplassar, vil ikkje alle få tilbod om studieplass. Det er dei første som har søkt som blir vurdert for tilbod.
Samordna opptak har laga ei oversikt over søknadsprosessen.
Her finn du svar på kva du må gjere før du søkjer, når du har søkt, og kva du må hugse på etterpå. Du får mellom anna informasjon om kva du må gjere når du får tilbod om studieplass, om og når du må ha politiattest, og andre viktige steg i søknadsprosessen.
Lokalt opptak
Vi har lokalt opptak på både master, vidareutdanning og enkeltemne, og fleire av desse studia kan ein fint kombinere med jobb – perfekt for deg som ønskjer fagleg oppdatering!
Opptaket går gjennom vår lokale Søknadsweb. Du som søkjer grunnutdanning må vise til generell studiekompetanse eller tilsvarande. Til nokre av vidareutdanningane og masterutdanningane våre kan spesielle opptakskrav kome i tillegg.

Velkommen til Volda!
Et unikt studentmiljø og solide utdanningar er svært gode grunnar for å studere i ei bygd på Sunnmøre. Legg du til at at det er billig å bu, internasjonalt miljø og korte avstandar på og rundt campus, kan kanskje Høgskulen i Volda vere noko for deg?