Profilhandbok
Den grafiske profilhandboka er eit sett køyrereglar for utforming av høgskulen sin visuelle profil. Profilhandboka skal brukast av alle avdelingar, institutt, einingar og prosjekt som er eigd eller drifta av Høgskulen i Volda (HVO).

Mediebank
Treng du bilete til ein presentasjon, eller logoen til høgskulen? I mediebanken finn du eit breitt utval studiebilete, bilete av tilsette, frå campus, frå hendingar og arrangement, samt frå Volda generelt. Her kan du også laste ned og bruke Høgskulen i Volda sin logo.
Alt innhald i mediebanken er eigd av Høgskulen i Volda og skal krediterast i god skikk. Informasjon om korleis du gjer dette får du når du lastar ned filene.
Spørsmål?
Det er Kommunikasjonskontoret som forvaltar profilhandboka og mediebanken ved Høgskulen i Volda.Ta gjerne kontakt på kommunikasjon@hivolda.no om du treng råd og hjelp, eller om du har innspel!