Utdanningsfagleg kompetanse
I universitets- og høyskoleforskriften, 2024, § 3-8, vert utdanningsfagleg kompetanse forklart som "pedagogisk eller didaktisk kompetanse for å fremme læring, blant annet kunnskap og ferdigheter innen utvikling og gjennomføring av undervisning og veiledning på universitets- og høyskolenivå". For stillingane førstelektor, dosent, førsteamanuensis og professor" skal det minimum kreves formell opplæring, kvalitetsutvikling i egen undervisning, veiledning og vesentlige bidrag til utvikling av utdanningskvalitet”. Eit anna kvalifikasjonskrav for undervisnings- og forskningsstillingar er m.a. krav til norskferdigheiter på nivå B2. Jf. §§ 3-2 - 3-7. Det kan gjerast unntak frå kravet om norskferdigheiter på minimum nivå B2 ved tilsetting dersom institusjonen legg til rette for at ein oppnår kompetansen innan tre år frå tilsettinga har skjedd. Jf. § 3-9.
Forskrift om opptak til høgare utdanning §2-2 heimlar språkkrava i norsk og engelsk for dei med utanlandsk utdanning.
Høgskulen i Volda har utvikla eit studietilbod innanfor mellom anna pedagogikk, didaktikk, rettleiing og formidling slik at vitskapleg tilsette kan gjennomføre ei formell kvalifisering for utdanningsfagelg kompetanse.
For studieåret 2026-2027 vert følgande emne tilbydde:
HPE 206 Rettleiing av mastergradsstudentar
HPE 207 Pedagogisk basiskompetanse
HPE 209 Formidling i høgare utdanning
Informasjon om datoar for samlingar for dei ulike emna finn du lenger ned på sida.
Merk: Søknadsfristen for HPE209 har utvida frist til 1. november 2026
Følgande emne er utvikla ved Høgskulen i Volda:
Tilbod 2026-2027
Her finn du oversikt over tidspunkt for samlingane på dei ulike tilboda:
HPE 206 Rettleiing av mastergradsstudentar, søknadsfrist 15. september 2026
Veke
46
2
7
15
Datoar
Samling 1: Onsdag 11. og torsdag 12. november 2026
Samling 2: Tysdag 12. januar 2027
Samling 3: Tysdag 16. februar 2027
Eksamen: 12. april (tentativt)
HPE 207 Pedagogisk basiskompetanse, søknadsfrist 15. september 2026
Veke
49
4
7
10
15
Datoar
Samling 1: Onsdag 2. og torsdag 3. desember 2026
Samling 2: Onsdag 27. og torsdag 28. januar 2027
Samling 3: Onsdag 17. og torsdag 18. februar 2027
Samling 4: Onsdag 10. og torsdag 11. mars 2027
Eksamen: 16. april (tentativt)
HPE 209 Formidling i høgare utdanning, søknadsfrist 1. november 2026
Veke
5
14
18
24
Datoar
Samling 1: Mandag 1. og tysdag 2. februar 2027
Samling 2: Onsdag 7. april 2027
Samling 3: Onsdag 5. mai
Eksamen: 14. og 15. juni