Relevant utdanning for arbeidsplassar i både offentleg og privat sektor
Etter fullført Bachelor i planlegging, administrasjon og leiing jobba Christer Adrian Mork i Hareid kommune. I dag er han tilsett som prosjektleiar i bedrifta Ulmatec i Hareid.

Kva inspirerte deg til å velje bachelorprogrammet i planlegging, administrasjon og leiing?
Eg kom over studiet litt tilfeldig. Når eg fikk lest meg opp og undersøkt litt meir om utdanningsløpet, verka dette som eit spennande og interessant val. Faga virka både interessante, fornuftige og spennande for arbeidslivet.
Korleis har utdanninga påvirka din karrierevei/yrkeskarriere?
Utdanninga gir deg eit breidt spekter av kunnskap. Dette er eit studium som både breidde og spisskompteanse. Eg starta sjølv som byggesakshandsamar i det offentlege rett etter avslutta bachelor. Denne stillinga hadde eg i nesten 5 år. I mellomtida tok eg også ein del fag på masternivå ved samfunnsplanlegging og leiing ved HVO. I dag jobbar eg som prosjektleiar/ innkjøpar ved ei bedrift som heiter Ulmatec.
Kan du dele ei minneverdig oppleving og/eller ein ferdigheit du tileigna deg under studiet som har vore spesielt verdifull i ditt yrkesliv? det er særs mange flinke forelesarar som er med på å gjere faga og faginnhaldet interessant og lærerikt. Det at studiet er såpass breidt, og strekk seg innom mange ulike fagområder gjer at ein får ein brei kompetanse. Ei ferdigheit som studiumet etter mi meining også gir, er å utvikle evne til sjølvstende. Ein skal omfavne mange ulike fagområder og mykje kunnskap. Det krev at ein er i stand til å strukturere seg, og arbeide på ei god og sjølvstending måte. Dette er eit studium som absolutt kan anbefalast 😊





