Bachelor-konsert: EXPOSED
Er du ein av dei som tykkjer kormusikk ikkje er noko for deg? Då håper vi du tek ein tur innom kyrkja måndag 25. april kl 1930. Konserten EXPOSED blir ei heilt spesiell oppleving.
Ungdomskoret Digitalis syng eit nykomponert verk som er laga på ein litt spesiell måte - det er ingen tekst! Utgangspunktet er nemleg ei bacheloroppgåve, med problemstillinga korleis få frem kjensler og skape stemningar utan å nytte tekst.
Resultatet har blitt fem satsar der komponisten Tine Grieg Viig eksponerar sitt eige
indre verdsbilde gjennom musikken. Andre medverkande vil vere Magnar Åm og elevar ved Høgskulen i Volda. Velkommen til urkonsert og ei musikkoppleving av dei sjeldne.
Måndag 25. april, 1930 i Volda kyrkje.
Inngang kr 50,-






