Billettsalet startar onsdag

- 20 kroner er alt du må ut med for å sjå filmar på den Norske
Dokumentarfilmfestivalen. Med festivalpasset får du også billege
konsertbillettar, melder dei frå festivalkontoret.

- Festivalen er idealistisk og blir arrangert på dugnad. Det gjer at publikum berre treng å betale ein symbolsk sum for å sjå filmar i fleire dagar. Festivalpasset kostar berre 20 kroner, forklarar informasjonsansvarleg Ingvil Teige Stiegler.

Saman med festivalpasset får du programbladet for festivalen.

Låge prisar over heile linja
I løpet av festivalen blir det vist over 60 filmar.

Det er ikkje berre festivalpasset som er billig under den tiande Norske Dokumentarfilmfestivalen. Både prisene i baren, kafeen og på all anna underhaldning er svært låge.

- Det er ikkje så mange andre stadar i Noreg du kan sjå Karin Park for 90 kroner, stand-up for 30 kroner eller ein heftig jazzkonsert for ein hundrelapp. Billetten til Laurdagsfesten med utdeling av Flugeprisane kostar for eksempel det same som ein øl i festivalbaren, 25 kroner, skryter informasjonsansvarleg Geir Holen.

Infobua
Billettar kan kjøpast frå onsdag i festivalens informasjonsbu. Den vesle grøne bua ligg vegg i vegg med Samfunnshuset og er ope onsdag onsdag 10.00 – 18.00, torsdag – laurdag 09.00 - 21.00 og sundag frå 11.00 - 17.00.

Del på: