Dokfilm etterlyser husrom og ledige overnattingsplassar
- Den Norske Dokumentarfilmfestivalen brakar laust 24. til 29. april. No etterlyser vi folk som kan leige eller låne ut eit rom eller ei seng til langvegsfarande gjestar, og minner om at det kan vere ein slant å hente for dei med litt ekstra hjarterom og slunken lommebok, melder informasjonsansvarleg Christoffer Steen.
- Vi set eventuelle utlånarar eller utleigarar i kontakt med gjester som treng overnattingsplass.
- Det treng for så vidt ikkje vere eit eige rom heller, men kan god vere berre ein sofa eller ei enkel seng i garasjen.
Overnattingsgjengen i Dokfilmfestivalen formidlar kontakt mellom utleigarar og folk som treng husrom, og fleire av gjestene legg ofte att ei lita husleige dersom utleigaren gjev signal om dette.
- Vi set pris på at voldasamfunnet stiller hjelpa si til disposisjon. Festivalstyret og utlånarar frå i fjor melder at alle partar var særs nøgde med denne ordninga då, og oppfordrar fleire til å melde seg til årets festival.
Etterlyser fleire frivillige
Dokfilmfestivalen etterlyser samtidig fleire frivillige til sjølve arrangementet i Volda 24. til 29. april. Leiinga kan lokke med frivilligfest, kreative arbeidstider og gratis t-skjorte frå Noregs største dokumentarfilmfestival.
Dei som føler kallet kan sende ein e-post til overnatting@dokfilm.no
Les meir på www.dokfilm.no





