Dokfilmstyret: Vil du lage festival?
Styret for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen har fleire ledige stillingar, og nestleiar Signe Hoegh er på jakt etter studentar som vil vere med på å lage festival. – Det vert mykje kjekt arbeid ved sidan av studia, og det trur eg mange har nytta av, seier ho.

Bookingansvarleg Sidse Larsen og nestleiar Signe Hoegh er klar til å lage festival, men dei treng di hjelp!
- Me treng først og fremst ein grafisk ansvarleg som syter for at alt på festivalen ser bra ut. I tillegg manglar vi en sponsorsjef, som har ansvar for å søkjer om midlar frå ulike fond og sponsorar, seier nestleiaren.
Send epost til signeis(krøllalfa)hotmail.com dersom du har spørsmål eller er interessert!





