Eksamenskonsertar i musikk bachelorstudium ved HVO

Heile åtte studentar ved bachelorstudiet i musikk ved HVO skal halde eksamenskonsertar dei komande vekene. Konsertane vert arrangerte i to bolkar. Først ute er Miriam Venås i dag kl. 14.00 på Aud BC Henrik Kaarstad-huset. Trond Rødland, Brynjar Johansen og Øystein Haltbakk har konsertar måndag 14. og tirsdag 15 mai.

Miriam Venås presenterer ny og gammal gospelmusikk under tittelen ”Oh Freedom – En reise i gospelmusikken!”.Låtar av legender som Andrea Crouch, Kirk Franklin og Thomas A. Dorsey vert presenterte. Miriam vil ta publikum med på ei reise frå gospelens røter og fram til i dag. Her blir det fengande rytmer og melodiøse ballader. Paul Magne Venås medverkar på piano. Karina og Rakel Venås og Robin Viken medverkar som koristar. Konserten vert arrangert i auditora AC i Henrik Kaarstadhuset mandag den 14.05 med gratis inngang.

 

miriam-v-meld_1

Rokken er staden for dei tre konsertane som vert arrangerte tirsdag den 15.05. Her er Trond Rødland først ute med sin konsert: ”Metallica – past to present!” Han vil presentere Metallica-låtar frå ulike tidsperiodar, og med det gi eit innblikk i Metallica sin musikalske progresjon frå første til siste album.Trond trakterer sologitar, og han har med seg eit band som består av Trond Hauge Knutsen, Øystein Haltbakk, Erlend Kongsvoll og Odd Erik Hauge.

trond-r-meld

Brynjar Johansen sin eksamenskonsert har tittelen: ”Tribute to the Founders of Heavy Metal!” Konserten er ein hyllest til pionerane av Heavy Metal, ein særs populær musikksjanger. Brynjar presenterer låtar av ti band som vert rekna for å vere dei første, største og beste innan denne sjangeren, mellom anna Led Zeppelin, Black Sabbath, Iron maiden, Deep Purple og Judas Priest. Han spelar sjølv sologitar, og har med seg musikkstudentane Tornd Hauge Knutsen, Øystein Skattebu, Øystein Eckhoff og Øystein Haltbakk.

”Pica Fierce!” er namnet på konserten til Øystein Haltbakk. Det er også namnet på bandet frå Kristiansund som no presenterer seg for fyrste gong i Volda. Pica Fierce omtalar musikken sin som teknisk og progressiv death/thrash metal, og er mellom anna inspirert av band som Testament, Slayer og Death. Bandet var med på å skrive og framføre musikken til metal-operaen ”Faust”. Denne sommaren slepp dei debut-CDen sin. I tillegg til å vere låtskrivar er Øystein også vokalist og gitarist. Han lovar ei heftig konsertoppleving på Rokken.

Del på: