Glam-orøs fadderintro

Wig Wam er førsteband ut i fadderveka. Tysdag kjem glamgutane til studenthuset Rokken for å rocke liv i gamle og nye studentar.

I europiske Melodi Grand Prix i Ukraina hamna Østfold-bandet på ein heiderleg 9. plass. Tysdag står studenthuset Rokken i Volda for tur. Vonleg blir trikotane akkurat passe tronge, riffa passe lange og stemninga sånn cirka slik ho bør vere når studenthovudstaden i Møre og Romsdal startar det nye semesteret.

Billettar kjøper du på Rokken. 130 kroner for medlemmar av Studentsamfunnet, 30 kroner ekstra om du ikkje vil skaffe deg medlemskap enno.

Elles i fadderveka kan gamle studentar by ferskingane på grilling, fotturar og opptil fleire overdosar med sosialt samvær.

Wig-Wam-&-Rob-Rock520

Del på: