Haustekskursjon i lokalmiljøet
Når seinsommaren varer lenge og lufta er lun og klar, opplever studentane i Volda ekskursjonar i fantastiske omgjevnader. Torsdag 18. september var studentar frå Skuleretta samfunnsfag på årets lokale geografi-ekskursjon med buss frå Folkestad, via Straumshamn/Bjørkedalen/Stigedalen til Hjelle og Eid. Derifrå gjekk turen over Heggjadalen til Austefjorden og Volda i det fine haustvêret, fortel Norleif Vik.

Vik har produsert ein skriftleg naturgeografisk "guide" som vart brukt på rundturen. På biletet: Norleif Vik, Odd Ragnar Hunnes og studentar på SRS 101 Natur og samfunn i Noreg.
Vi er svært heldige som har naturen nær oss, kommenterer lærarar og studentar på SRS 101 Natur og samfunn i Noreg.
- Vi får sjå med eigne auge det vi lærer i klasserommet: lokale israndavsetningar frå ra-tida, danning av lokale terrassar langs fjordane og langs Eidselva – den øvre marine grensa langs ekskursjonsruta.
- Landskapsutvikling etter istida, i tillegg til den lokale geologien, var hovudtema undervegs, fortel Norleif Vik, samfunnsfaglærar ved Avdeling for samfunnsfag og historie.
- Studentane lærer mellom anna om den økonomiske ressursen som ligg i lokale sand- og grusavsetningar frå istida rundt omkring i landet vårt. Dette har vore ein lokal verdi i lang tid.
Les meir om SRS 101 Natur og samfunn i Noreg





