Inntog av Erasmus-studentar ved Høgskulen i Volda

- I vårsemesteret 2007 vil det vere meir enn 30 Erasmus-studentar i Volda. Det er rekord i forhold til tidlegare år, seier internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen. Dei første som er på plass i Volda er studentar frå Nord-Irland, Tsjekkia og Lithauen.

Dei næraste dagane kjem det studentar frå Tyskland, Belgia, Frankrike, Tyrkia, Romania, Ungarn og Spania. Tek du deg ein tur i området rundt kantina på Berte Kanutte-huset og den internasjonale treffstaden "Pangaia", vil du kunne møte mange av studentane.

- Det er ikkje naudsynt å reise ut for å få venar frå spanande land og kulturar. Vi har eit internasjonalt miljø på campus i Volda også, seier Wilhelmsen. 

I løpet av vårsemesteret - og ikkje minst rundt internasjonal dag 14. februar - vil høgskulen også få besøk av lærarar frå mange av høgskulen sine partnaruniversitet. Følg med på oppslag.

Du kan lese meir om Erasmus her.

nye_studentar_520

Nokre av dei nye Erasmus-studentane som skal gå ved Høgskulen i Volda i vårsemesteret. Frå venstre: Malachy, Mairéad, Kjell Holby (internasjonal koordinator), Catherine, Mairéad, Cecilie Wilhelmsen (ansvarleg for internasjonalisering), Lenka, Radka, Ana, og Nadia.

Del på: