Internasjonal dag onsdag 13. februar
Professor Meltem Kaya (bilete) er ein av fleire representantar frå utanlandske universitet som kjem til Volda i samband med Internasjonal dag onsdag 13.februar, fortel ein oppglødd leiar av Internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen. Frå 11.30 vert Berte Kanutte-huset fylt med kultur frå heile verda.
- Kaya er professor ved det anerkjende universitetet Mimar Sinan i Istanbul i Tyrkia.
Ho har teke doktorgrad om flisene i den blå moskeen i Istanbul og skal mellom anna ha workshop i Volda komande veke.
I tillegg til professor Kaya kjem også to professorar frå verdas nest største universitet, Anadolu, i Tyrkia og frå partnaruniversitet i India, Kenya, Wales, Tyskland, Latvia, Ungarn og Bergen.
Velkomen til Internasjonal dag
Onsdag vert høgdepunktet gjennom neste veke med stor aktivitet, stands og presentasjonar i kantina på Berte Kanutte-huset.
Alle er velkomne til å ta del og bli kjende med det internasjonale miljøet ved Høgskulen i Volda. Ressurssenteret på Hareid har allereie meldt si interesse.
- I tillegg til workshops – blir det gjesteførelesningar av våre utanlandske partnarar og dei er opne for alle som vil kome, seier Wilhelmsen.
Les meir på www.hivolda.no/idag





