Internasjonale studentar søkjer til Volda
- Vi gledar oss til å kome til Volda, seier studentane frå University of Kaposvar i Ungarn. Dei er mellom fleire ungarske studentar som til hausten skal vere utvekslingsstudentar gjennom Erasmus-programmet. Etter ei studiereise i Ungarn melder internasjonalt utval at Noreg og Volda er ein attraktiv og spennande studiestad for utanlandske studentar.
- Vi har eit godt etablert internasjonalt miljø i Volda, og det vert kjent gjennom studentar som har hatt opphald her og fortel om opplevingane sine til andre studentar i heimlandet, fortel internasjonalt koordinator, Cecilie Wilhelmsen.
Internasjonalt utval vitja mellom anna partnaruniversitet University of Pecs som ligg heilt sør i Ungarn og har 36.000 studentar.
- Universitetet dekkjer dei fleste av våre område og er svært interessert i ei utvida kontakt med Høgskulen i Volda.

University of Kaposvar
- Også ved University of Kaposvar var interessa stor. Fleire av studentane hadde allereie fylt ut søknadsskjemaet til Volda då vi kom for å ha informasjonsmøte der.
Både studentutveksling og forskingssamarbeid
University of Kodolanyi har også stor interesse for samarbeid med Høgskulen i Volda.
- Kodolanyi universitetet understreka at dei svært gjerne vil utvikle felles forskingsprosjekt med Volda og håpar på forskingssamarbeid i åra framover, fortel Wilhelmsen.
Fra internasjonalt utvalg deltok Ingun Klepp, Hans Martin Dypvik, Kjell Holby, Rune Aasen, Marte C W Solheim, Alva-Linn Sivertsen og Cecilie Wilhelmsen.
Les meir om internasjonalisering på www.hivolda.no/ut





