Kaisers Orchestra kjem til opningsveka

- Kaisers Orchestra kjem til opningsveka, melder dagleg leiar ved studenthuset Rokken Laila Fjellseth (28). Ho er i full gang med planlegginga av programmet for haustsemesteret. I tillegg leitar vi etter ny kokk, seier ho.

Laila520

Laila Fjellseth (28) er den nye leiaren på Rokken

Under opningsveka vil Rokken ha arrangement kvar dag. Det endelege programmet vil bli offentleggjort seinare i sommar. 

- Det har vore eit innhaldsrikt og flott vårsemester. No arbeider vi med å få til ein uforgløymeleg haust, seier Fjellseth.

Laila Fjellseth har vore tilsett sidan 1. april, og kjem frå AKKS i Oslo. AKKS er ein musikkorganisasjon som i hovudsak driv musikkopplæring for jenter.

Manglar kokk
- Vi vil også nytte høvet og minne om at vi har ei ledig stilling som kokk. Meir om dette kan ein lese på www.rokken.no

- Rokken ønskjer alle ein riktig god sommar, og vi gleder oss til å møte gamle og nye ansikt til studiestarten 15. august, seier Laila til slutt.

Følg med på www.rokken.no

Del på: