Kenyanske playback-medarbeidarar til Volda
10. sept. kom dei kenyanske sosialarbeidarane Boniface Vanja Ouko og Alfonso Isai Kativi til Noreg. Gjennom haustsemesteret 07 og våren 08 skal dei arbeide saman med Merkesteinane og vere tilknytte Høgskulen i Volda og ulike aktivitetar i Volda kommune.

Frå Fredskorpset sitt førebuingskurs for prosjektdeltakarar på Noresund. Frå venstre: Boniface Vanja Ouko, Jostein Bjørndal, Alphonso Isai Kativi, Ingrid Bjermeland og Jan Einar Flø.
Dei kenyanske sosialarbeidarane Boniface Vanja Ouko og Alfonso Isai Kativi arbeidar for organisasjonen Mathare Youth Sports Association (MYSA), i slummen i Nairobi. Playback-prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen, Merkesteinane og MYSA, der det langsiktige målet er ei nord/sør utveksling av røynsler og kunnskap gjennom sosialt arbeid og utdanning. Målgruppa psykisk funksjonshindra personar både i Mathare slummen og i Volda vil verte fokusert i dette prosjektet gjennom musikalske kulturaktivitetar.
I tidsromet 10. til 28. september tok Boniface og Alfonso del i Fredskorpset sitt utvekslingskurs på Noresund saman med høgskulerepresentantane Jan Einar Flø og Ingrid Bjermeland. Merkesteinleiar Jostein Bjørndal er også deltakar på dette kurset. Dei norske representantane reiser til Nairobi 1. oktober for å delta i arbeidet med etableringa av prosjektet der. For vidare informasjon, sjå www.merkesteinane.no





