Kroppsøving får besøk frå Spania
I veke 21 får kroppsøvingsseksjonen ved Avdeling for lærarutdanning besøk frå Universitetet i Lleida (INEFC). Prof. Sra. Carlota Torrents Martín kjem for å sjå korleis kroppsøvingsseksjonen har det, utveksle erfaringar og halde dansekurs i kontaktimprovisasjon måndag 21. og 22. mai.
Torrents underviser i "Expressive Movement and Dance" ved fakultetet for sport og vitskap (INEFC) Universitetet i Lleida, ein by i nærleiken av Barcelona. Dette skuleåret har vi to av studentane hennar her på utveksling gjennom Erasmusprogrammet. I samband med dette har Torrents fått eit Sokrates stipend som gjer det mogleg å vitje samarbeidspartnarar som Høgskulen i Volda for å utveksle erfaringar.
Kroppsøvingsseksjonen har i lengre tid hatt eit godt samarbeid med Universitetet i Lleida, det er ikkje fyrste gong vi har hatt besøk av forelesarar ved dette universitetet, ved tidlegare høve har også representantar frå seksjonen vore der på synfaring.
I samband med vitjinga vil ho halde eit kurs i kontaktimprovisasjon i auditoriet i Kaarstad-huset. Dette er eit ope kurs for både studentar, tilsette og andre. Kurset vil gå over to dagar, tysdag 22.05 kl. 09.00-11.00 og onsdag 23.05 kl. 09.00-11.00.
Påmelding på e-post: eksaa@hivolda.no innan måndag 21.05 kl. 12.00. Kurset er utan kostnadar.





