Lagar film- og bildeutstilling i Bergen
Studentar ved Bachelorstudiet Media, IKT og Design ved Høgskulen i Volda har vore i Vietnam på grunn av prosjektet "100 ansikt". 11.-12. desember har dei utstilling frå prosjektet på Cacti Art Café i Bergen.
Med eit ønske om å fange kvardagen i Vietnam skulle Espen Faugstad og Juliane Kravik skildre 100 menneske i sine daglige aktivitetar og gjeremål. I byrjinga av juni 2010 la dei to ut på reise til Vietnam. Der dei heldt seg tett på lokalbefolkninga i tre veker, og fekk slik ei betre tilnærminga enn i eit vanleg turist-scenario.

Vegen vidare
Reisa er no utført og resultatet vil dei to medlemane i prosjektgruppa dele med andre i ei film- og bildeutstilling i Bergen i desember.
Datoane for utstillinga er den 11.-12. desember, og den finn stad på Kafè- og bildegalleriet ”Cacti Art Cafe”, som ligg i Øvregaten i nærleiken av Bryggen i Bergen. Ustillinga er gratis og open for alle.
- Velkomne skal de vere, seier Juliane Kravik, ein av aktørane i Prosjekt Vietnam.
For meir informasjon kan du besøke nettsida til prosjektet ![]()
Sjå kortfilmen om "100 ansikt" på YouTube ![]()
Les tidlegare artikkel om Vietnam prosjektet ”100 ansikt”





