Lyst å bli med i Studenttinget?

- Om du er nysgjerrig på korleis skulen fungerar – og har lyst til å gjere ein innsats for deg sjølv og medstudentane dine, bli med i Studenttinget (STIV)! oppfordrar Olav Øye i STIV. No står dei på stand i Berte Kanutte-huset – klare for å ta i mot spørsmål.

- Vi skal ha stand i morgon i første etasje i Berte Kanutte-huset mellom kl. 12.00 og 13.00.

- Her kan du kome med spørsmål eller stille til val i Studenttinget, seier Olav Øye og Thomas Marthinsen som vil stå klare til åsvare på det du måtte lure på.

Sjå også på STIV sine heimesider.

Del på: