Lyst til å skrive i Peikestokken?

- No er vi ute etter meir folk, fortel redaktøren i Peikestokken, Øystein Eian (22). Han er no i ferd med å troppe saman redaksjonen til vårsemesteret, og oppfordrar studentar frå andre studium enn journalistikk til å vere med.

red_eian_max

- For å få betre breidde i stoffet må vi no få med fleire studentar – og frå fleire fagretningar ved Høgskulen, seier han.

- Om nokon ikkje vil vere med i sjølve redaksjonen, oppfordrar han om at studentar i alle fall kan sende tips eller idear til stoff.
- Vi vil vite alt om kva som rører seg på linjene, konstaterer han og minner om e-postadressa deira.

Ikkje krav om forkunnskapar
- Vi trur avisa blir best mogleg dersom vi har med studentar frå alle avdelingane.

- Ein kan ta del med stoff som studentar er opptekne av, om deira kvardag og det dei er interesserte i.
- Det er ikkje krav om ein må skrive anna enn det den enkelte har kapasitet til.

- Har du lyst til å skrive, har du sjansen i Peikestokken, seier han.

- Redaksjonen er ganske uformell og alt stoff vert vurdert på lik linje. Ein får høve til å skrive om det som interesserer den enkelte journalisten.

- Vi skal ut med tre aviser i vårsemesteret, og den første utgåva kjem i slutten av februar.

Sjå Peikestokken

Del på: