Mat og prat: Markering av verdensdagen for psykisk helse

Onsdag 14. oktober kl. 17.00 inviterer vi alle studentar til Mat og prat i kantina på Berte Kanutte.

#hverhandlingteller

Vi markerar Verdensdagen for psykisk helse med ein felles gratis middag der du kan ta del i ei hyggelig samtale rundt bordet med dine medstudentar. På menyen står chilli con carne/chilli sin carne, og du kan kome åleine eller saman med nokon du kjenner. Alle får plass ved eit bord, og samtalekorta på borda gjer det enkelt å bli kjent og få praten i gang. Kanskje møter du ein ny ven?

På markeringa vil vi lansere ein aktivitet vi har lyst å teste ut denne hausten: Dialogar på tvers, ein måte å styrkje tillit, lytting og fellesskap på høgskulen.

Arrangementet er gratis, utan påmelding, og det er først til mølla-prinsippet.

Velkomen til god mat, gode menneskemøte og gode samtalar!

Helsing Velferdsgruppa og Studentparlamentet
 

Konkurranse 🎉

Årets tema for Verdsdagen for psykisk helse er tillit. Kva er tillit for deg som student? Korleis ser tillit ut, og kva er med på å byggje tillit rundt oss?

I dagane før arrangementet inviterer Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden i Volda til ein fotokonkurranse. Ta eit bilete eller lag ein kort filmsnutt som viser noko du meiner er eit uttrykk for tillit mellom oss menneske eller noko som byggjer tillit rundt deg her i Volda. Del innlegget på sosiale medium, bruk hashtag #hverhandlingteller og tagg @hivolda og @sivolda, så er du med i trekninga av ein sykkel til ein verdi av 7 000 kroner!

Sjå Instagram-kontoane til HiVolda og SiVolda for meir informasjon om konkurransen.

Del på: