Ny leiar i STIV: Kjetil Sildnes

Den nye leiaren i Studenttinget i Volda går andre året på allmennlærarutdanninga. – No er det viktig å få på plass ny nestleiar, velferdsansvarleg og vev- og informasjonsleiar. Alle som kan tenkje seg å ha desse verva må kontakte STIV-kontoret i Berte Kanutte-huset snarast. Styret har høve til å peike ut kandidatar, men desse må godkjennast i studenttinget, seier Kjetil Sildnes.

Av andre oppgåver som står på tapetet med det første er internasjonal dag den 8. februar og Operasjon forsking. Operasjon forsking er eit nasjonalt prosjekt som har som mål å få studentane til å engasjere seg meir i FoU-arbeid.

kjetil-sildnes-melding 

Kjetil Sildnes (25) er ny leiar i Studenttinget i Volda

- Operasjon forsking oppfordrar studentane på alle nivå i utdanninga om å løfte blikket frå pensumboka, ta markørtusjen i eiga hand og krevje engasjement. Operasjon Forsking vil med dette fokusere på dei positive effektane forsking har i samfunnet. Ikkje berre for forskarane sjølve, men for heile samfunnet, og ikkje minst for studentane som kanskje er morgondagens forskarar, seier Sildnes.

 

Heimesidene til Studenttinget i Volda.

Del på: