Ny revysjef søker skodespelarar

- No har du sjansen til å vere med på vekerevyen si jubileumsframføring, melder den nye revysjefen, Richard Sveaas Dale (24). - Komande helg held vi audition for å finna dei som skal vere med i den 20. vekerevyen 3.-11. feb. neste år.

- Dette blir den 20. vekerevyen under den 21. veka i Volda neste år, strålar den nye revysjefen. Han etterlyser no folk til å vere med på den beste revyen nokon gong.

Audition til helga
- Vi er i utgangspunktet ute etter fire jenter og fire gutar i år, og held audition no til helga. I tillegg er vi ute etter to instruktørar, fortel Richard.

vekesjef_520

Den nye revysjefen studerer mediekunnskap, og trur på at Veka 2006 vil verte ei oppleving.

Dersom du er interessert, ta kontakt med vekesjef@veka.no eller på 404 17 354.

>> Les meir om Veka 2006 i intervjuet med vekesjef Irene Margrethe Løvoll.

revy_max

Del på: