Ny søknadsfrist for tillitsvaldstudium
- Studenttinget i Volda (STiV) har lenge hatt ynskje om å kunne yte litt tilbake til dei tillitsvalde som gjer ein fantastisk jobb for både skulen og studentane. Det har vi fått til gjennom det nye studiet for tillitsvalde som går no til våren, fortel nestleiar i STIV, Geir Olav Goksøyr.<br>
Studiet har søknadsfrist 25. januar.
- Dette er noko vi i STiV har arbeidd lenge for å få til, og vi er svært nøgde med det ferdige resultatet, seier Goksøyr.
I emna Tillitsvald 1 (5 stp) og Tillitsvald 2 (10 stp) kombinerer du pensum, studiesamlingar
og rapportskriving med arbeidet som tillitsvald.
Organisasjonsleiing
- Ein kan sjå på desse emna som fagleg dokumentasjon på den erfaringa ein sit igjen med etter å ha hatt verv i studietida.
- Alle møter eit organisasjonsliv gjennom studium, arbeid eller i fritid. Som student og tillitsvald representerer du ein organisasjon, du bør kjenne samfunnet organisasjonen verkar i, og hagenerell kunnskap om leiing av organisasjonar.
Emna kan gå inn som valfrie emne i bachelorgradar ved HVO, og har søknadsfrist 25. januar.
Du kan no melde deg direkte i Studentweb
Les meir på www.hivolda.no/emneval
eller last opp flygebladet. (pdf.fil)





