- Opplev felles dugnadsånd

- Utan deg blir det ingen festival, seier frivilligansvarleg Ida Elisabeth Hardal. Ho manglar fortsatt 30 frivillige til Dokfilm 08.

Den siste veka har Christina Honningsvåg (nestleiar) og Ida Elisabeth Hardal (frivilligansvarleg) stått på stand i BK for å rekruttere frivillige til Dokfilm 08. Tysdag startar festivalen.  
- Vi har fått med ein god del denne veka, men vi manglar fortsatt 30 frivillige, seier Ida Elisabeth, og fortel at ho treng hjelp av folk i bar, kafè og som vaktar.

Forkjøpsrett
Ida Elisabeth er overraska over at ikkje fleire melder seg.
- Som frivillig vil du få oppleve festivalen på ein spesiell måte. Du får føle meir på stemninga, og du blir del av ein felles dugnadsånd, seier Ida Elisabeth.
Ho vil òg legge vekt på dei materielle frynsegodene.
- Dei frivillige får dei vakre, blå t-skjortene, gratis festivalpass og forkjøpsrett på billettar til Laurdagsfesten. Kan det blir betre, spør ho og ler. 

jenteneler
TRENG HJELP: Christina Honningsvåg(t.v.) og Ida Elisabeth Hardal vil ha deg med på laget som frivillig for Dokfilm 08. 

Møte tysdag
På tysdag må alle frivillige for Dokfilm 08 møte opp på Samfunnshuset klokka 16. Her vil dei få informasjon om festivalen, få utdelt vaktlister, og dei vil få festivalpass og t-skjorter.

Alle som er interesserte i å jobbe frivillig for Dokfilm, kan ta kontakt med frivilligansvarleg Ida Elisabeth Hardal på: 
E-post: frivillig@dokfilm.no  
Tlf: 99 32 02 40

Tekst og foto: Hanne Marie Molde

Du kan lese meir om festivalen på www.dokfilm.no

dokfilmheader

Del på: