Planlegg kulturutveksling med universitet i Tyrkia

Siste veka har Volda hatt besøk frå verdas nest største universitet, Anadolu universitet i Eskesehir i Tyrkia. Professorane Aysegul Ozen fra kunst- og handverk, professor Nezi Orhon frå media og animasjon/film og professor Ficret Ucar frå media og kommunikasjon er fulle av lovord over Høgskulen i Volda.

PANG-tyrk525
Frå Anadolu universitet i Eskesehir i Tyrkia: Professorane Aysegul Ozen fra kunst- og handverk, professor Nezi Orhon frå media og animasjon/film og professor Ficret Ucar frå media og kommunikasjon saman med representantar frå Høgskulen: Thomas Lewe, Cecilie Wilhelmsen og Ingunn Klepp.

- IVolda var professorane involverte i ein workshop i regi av Høgskulen/FestiVolda med kreative uttrykk i keramikk, dei hadde førelesningar og dei diskuterte samarbeidsprosjekt innanfor større EU-program, fortel leiar for Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda.

Kulturutveksling
- Ein ser føre seg prosjekt innanfor kulturutveksling i vid forstand, m.a. gjennom dokumentarfilm og barn og media.
- Sjølv om Høgskulen i Volda er liten samanlikna med Anadolu, ser dei på oss som ei av deira viktigaste partnarar. Høgskulen har hatt 35 studentar frå Anadolu dei fire siste åra, og håper å halde fram det gode samarbeidet både innan student- og lærarmobilitet og innan forsking.

Del på: