Sikra seg studieplass og stipend for våren
Høgskulen i Volda har fått ein tilleggsløyving på 220.000 til Erasmus Link programmet. Då har Volda kr. 680.000 av dei nasjonale midlane dette studieåret, noko som er ei tetplassering mellom norske institusjonar. Tilleggsløyvinga gjer m.a. at fem av studentane som har vore i Volda i haustsemesteret også kan halde fram i vårsemesteret.

Studentane jubla over tildelinga og ein av dei uttrykte det slik: "This is the best news I have received. You offered me the best Christmas present ever".
- I vårsemesteret vil det vere tretti Erasmus/Erasmus Link studentar ved Høgskulen i Volda, noko som er det høgste talet nokonsinne, fortel ein glad internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen.
Studentane kjem frå Spania, Tsjekkia, Ungarn, Romania, Tyskland, Frankrike, Belgia, Nord-Irland, Lithauen og Tyrkia, så vi kan trygt seie at vi vert meir og meir internasjonale i Volda.





