Siste tingmøte ferdig!

Onsdag 14. mai vart det siste studenttingsmøtet haldt. Det blei vedtatt budsjett, vedtekter og val på nye styremedlem.

STiV fekk gjennom dei nye vedtektene og skal omorganiserast til høsten. Styret fell då frå syv medlem til fem medlem. Det var val på følgjande verv:

  • Velferdsansvarleg
  • Internasjonalt ansvarleg
  • Fagansvarleg


Lovise Hatlegjerde vart ny velferdsansvarleg, Ellen Flå vart ny internasjonalt ansvarleg og Mari Svartveit vart ny fagansvarleg.
Møtet tok si tid, men til slutt var vedtektene godkjende.

Del på: